#dialektolog2022: Tolvte nordiske dialektologkonferansen UiT The Arctic University of Norway Alta, Norway, August 15-17, 2022 |
Conference website | http://uit.no/dialektolog2022 |
Submission link | https://easychair.org/conferences/?conf=dialektolog2022 |
Abstract registration deadline | April 1, 2022 |
Submission deadline | April 1, 2022 |
Tolvte nordiske dialektologkonferansen
Tolvte nordiske dialektologkonferansen finn stad i Alta/Áltá/Alattio frå 15. til 17. august 2022 i regi av UiT Noregs arktiske universitet.
Temaet for konferansen er Struktur, ideologi og mangfald, og følgjande fire forskarar har takka ja til å halde plenarføredrag:
- Jussi Ylikoski, Uleåborgs universitet
- Marie Maegaard, Københavns Universitet
- Pia Lane, Universitetet i Oslo
- Elma Blom, Universiteit Utrecht & UiT Noregs arktiske universitet
Vi inviterer til innsending av ordinære konferansebidrag, plakatpresentasjonar («posters») og forslag til verkstader («workshops»). Bidraga kan, men må ikkje, vere knytt til hovudtemaet. Dei kan haldast/utformast på skandinavisk (dansk, norsk, svensk) eller engelsk.
Annan informasjon
Konferanseavgifta vil vere kr. 1000 for ordinære deltakarar og kr. 500 for studentar. Deltakarar bestiller sjølv reise og opphald. Konferansen finn stad på UiTs campus i Alta nær sentrum og i gangavstand frå tre hotell. Ein konferansemiddag med eigenandel vil bli arrangert onsdag 17. august. Tysdag 16. vil det bli sett av tid til besøk og omvising på Alta museum og helleristingsfeltet der som står på UNESCOs verdsarvliste. Det vil vidare bli sett opp ein dagsekskursjon til Kautokeino/Guovdageaidnu torsdag 18. august, dagen etter at det ordinære konferanseprogrammet er avslutta. Meir informasjon om desse forholda, saman med detaljar rundt påmelding, vil bli annonsert i mars 2022 på konferanseheimesida og i 3. rundskriv.
Kontaktinformasjon
Oppdatert informasjon om konferansen vil heile tida vere å finne på http://uit.no/dialektolog2022. De kan elles kontakte oss på e-post på dialektolog2022@uit.no med spørsmål de måtte ha.
Retningslinjer for innsending av bidrag
-
Verkstader/panel («workshops»)
Forslag til verkstader må sendast til arrangørane innan 1. februar 2022 på dialektolog2022@uit.no. Forslag skal ha ein tittel og ei skildring av innhald og formål med verkstaden på inntil 300 ord. Aksepterte forslag vil bli kunngjort på konferansenettstaden 15. februar. Påmelding til og inkludering i verkstadene blir administrert av dei ansvarlege for kvar verkstad, og program og innhald i kvar verkstad skal delast med konferansearrangørane seinast 1. april. Alle enkeltbidrag innanfor ramma av ein verkstad skal ha ein tittel og eit samandrag på inntil 300 ord.
-
Konferansebidrag og plakatpresentasjonar
Frist for innsending av ordinære, sjølvstendige bidrag til konferansen er 1. mars 2022. Bidraga kan vere anten ordinære konferanseføredrag på 20 minutt pluss diskusjon i parallelle sesjonar, eller plakatpresentasjonar («posters»). I begge tilfelle skal eit samandrag på maksimum 300 ord eksl. tittel, namn, institusjon og referansar sendast inn via EasyChair. Samandraga vil bli granska av arrangementskomiteen i samarbeid med eksterne fagfeller. Ved innsending vil ein bli beden om å oppgi om samandraget skal vurderast for føredrag eller plakat eller begge delar.
Arrangementskomite
- Ragni Vik Johnsen
- Carola Kleemann
- Monica Sætermo
- Øystein A. Vangsnes
- Maud Westendorp